"Still Life" (American Concert 1981) Konsertalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juni 1982 | |
Innspelt | 5. og 6. november- 19. desember 1981 Ekstra lydspor: Mars-april 1982 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 40:08 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Rolling Stones-kronologi | ||
Tattoo You (1981) |
"Still Life" (American Concert 1981) | Undercover (1983)
|
"Still Life" (American Concert 1981) er eit konsertalbum av The Rolling Stones frå 1982. Det vart spelt inn under den amerikanske turneen deira i 1981, mot slutten av året, og kom ut før den europeiske delen av turneen starta sommaren 1982.
Før albumet kom ut gav bandet ut The Miracles-songen «Going to a Go-Go» på singel.
"Still Life" (American Concert 1981) vart ein kommersiell suksess og nådde fjerdeplassen i Storbritannia, femteplassen i USA og tredjeplassen i Noreg. Det fekk derimot ikkje så god kritikk, og det vart trekt fram at albumet høyrdest for glatt ut og mangla dei røffe kantane ein kunne forvente under ein Rolling Stones-konsert.