12 X 5

12 X 5
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 17. oktober 1964
Innspelt 25. februar, 12. mai, 10–11. og 24–26. juni, 2. og 28–29. september 1964;
Studio Chess i Chicago i USA og Regent Sound Studios i London i Storbritannia
Sjanger Bluesrock, rock
Lengd 30:50
Selskap London Decca, Abkco
Produsent Andrew Loog Oldham
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi 
The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers)
(1964)
12 X 5 The Rolling Stones, Now!
(1965)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[2]
MusicHound4/5 stars[3]

12 X 5 er det andre albumet The Rolling Stones gav ut i USA i 1964 etter det populære debutalbumet The Rolling Stones i Storbritannia og den amerikanske utgåva England’s Newest Hit Makers.

12 X 5 var som debutalbumet spekka med R&B-songar skrivne av andre artistar, men inneheld likevel tre songar av Mick Jagger/Keith Richards, samt eit par songar skrivne av heile bandet under pseudonymet «Nanker Phelge».

Etter ei rekkje innspelingar i Chicago i juni 1964 gav det britiske selskapet til The Rolling Stones, Decca Records, ut EP-en. Sidan EP-ar aldri var eit lukrativt format i USA, spreidde den amerikanske distributøren deira, London Records, songane frå EP-en utover eit heilt album, og la til sju songar ekstra. Det var då tolv songar på albumet, spelt av dei fem medlemmane i bandet, dermed tittelen 12 X 5 («12 by 5» eller «12 av 5»). Decca nytta det same omslaget (bortsett frå skrifta) på det neste britiske albumet deira, The Rolling Stones No. 2, tidleg i 1965.

12 X 5 gjorde det betre enn England’s Newest Hit Makers, og nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista.

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2015, henta 25. mars 2018 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. september 2015, henta 25. mars 2018 
  3. https://www.bbc.co.uk/music/reviews/3whf/

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne