1812-ouverturen | |
---|---|
1812-ouverturen framført av United States Army Band | |
Originaltittel | Торжественная увертюра «1812 год» |
Sjanger | patriotisk musikk |
Musikk | Pjotr Tsjajkovskij |
Premiere | 20. august 1882 |
Året 1812 høgtideleg ouverture, Op. 49, vanlegvis kjend som 1812-ouverturen eller berre 1812,[1] er ein konsertouverture i Ess-dur skriven i 1880 av den russiske komponisten Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij til minne om det vellukka russiske forsvaret av landet under invasjonen til Napoleon sin Grande Armée i 1812. Den mislukka invasjonen og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane.
Verket vart fyrst framført i Moskva den 20. august 1882 (juliansk dato 8. august).[2] Han vart dirigert av Ippolit Al'tani i eit telt i nærleiken av den nesten ferdigbygde Frelsaren Kristus-katedralen, som også vart reist til minne om forsvaret av Russland i 1812.[3]
Ouverturen er rundt 15 minutt lang. Han er eit døme på programmusikk, musikk som er komponert for å få fram stemningar og scener hjå dei som høyrer på. Stykket er best kjent for klimakset sitt med kanoneld, ringande klokker og ei fanfareending med messingblåseinstrument. Verket er vorte vanleg å framføra saman med større fyrverkeri-oppvisingar i samband med den amerikanske sjølvstendedagen. 1812-ouverturen er vorten eit av dei mest populære verka til Tsjajkovskij, i lag med ballettmusikken hans til Nøtteknekkaren, Tornerose og Svanesjøen.[4]