PostNord-ligaen (tidlegare Oddsenligaen, Fair Play-ligaen og 2. divisjon i fotball for herrar) er det tredje nivået i det norske seriesystemet for norsk herrefotball. 2. divisjon består av femtiseks lag fordelt på fire avdelingar. Dette er høgast nivå andrelaga til Tippeligaklubbane kan delta i for seriespel.
Det beste laget i kvar avdeling rykker opp til 1. divisjon, medan dei tre nedste i kvar avdeling rykker ned til tredjedivisjon.
Dersom ein klubb har eit lag i eliteserien og rykker ned samtidig som dei har lag i 2. divisjon, vil andrelaget automatisk bli degradert til tredjedivisjon på kostnad av høgast rangerte nedrykkslag i same avdeling.
2. divisjon hadde fram til 1996 seks avdelingar, og mellom 1997 og 2000 åtte avdelingar. Serien heitte fram til 1990 3. divisjon.