2. bataljon | |||
![]() | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1947–1953 1955–no | ||
Grein | ![]() | ||
Type | ![]() | ||
Rolle | Infanteri | ||
Storleik | 500 soldatar ca. 150 befal[1] | ||
Del av | ![]() | ||
Garnison/HK | Skjold | ||
Motto | «In hoc Signo Vinces» (latin for: Under dette teiknet skal me sigra) | ||
Kallenamn | 2BN, Bn 2 og Infanteribataljonen | ||
Beretflash | ![]() |
2. bataljon er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord saman med Panserbataljonen og Telemark bataljon. Bataljonen, som vart oppretta i 1947, held til ved Skjold leir i Troms. Bataljonen skil seg kraftig frå dei andre manøverbataljonane sidan avdelinga er upansra og består hovudsakleg av vernepliktig personell.[2] Medan «nabobataljonen» aukar talet på verva soldatar, vil 2. bataljon vidareførast som ein verneplikt-basert bataljon. Avdelinga går også under namnet Infanteribataljonen grunna det store fokuset på fotsoldatar. Sidan 2. bataljon spesialiserer seg på arktisk krigføring og forsvarsstrid, er avdelinga ein sentral aktør i innanriksforsvaret. Likevel var ikkje avdelinga ein uviktig aktør i Noreg sitt bidrag til NATO-styrkane i Afghanistan. Tenesta er ifylgje Forsvaret utfordrande og skal siktast inn mot oppdrag frå reine kampsituasjonar til handtering av oppdrag i fredsstøtteoperasjonar.[3]
Avdelinga utgjer lettinfanteriet i Hæren,[4] med fokus på arktisk krigføring, forsvarstrid, urban krigføring (SIBO) og skyttargravskrig. Soldatane i 2. bataljon skal vera i stand til innsetjing med båt og helikopter. Dei skal òg kunna føra strid til fots med og utan støtte frå personellvogner.[3][5] Tenesta i avdelinga stiller høge krav til motivasjon og fysisk kapasitet, sidan treninga i 2. bataljon, og elles i Hæren, er krevjande.[5] Bataljon vektlegg realistisk trening i krevjande omgjevnader og under alle klimatiske forhold.[5] Etter endt rekrutt får soldatane den sandfarga bereten.[6][7]
På Skjold leir er det 2. bataljon som har ansvaret for vakthald og drift av leir. Tidlegare gjekk vakttenesta på rundgang i heile leiren, ettersom ein ikkje hadde eigne vaktsoldatar.[8]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet endring