200-talet fvt.

Den austlege halvkula rundt 200 f.Kr.
Terrakottahæren i Xian blei laga på 200-talet f.Kr.

< 200-talet fvt. (f.Kr.) > er historisk tid i fleire område.

Hundreåret er rekna som ein del av antikken i middelhavslanda, og var i byrjinga av hundreåret prega av maktbalanse mellom dei greske hellenistiske kongedøma i aust og handelsfolka frå Kartago i vest. Konflikt mellom Kartago og Den romerske republikken førte seinare til ubalanse og krig. Dei to punarkrigane førte til romersk dominans i området.

Hundreåret markerte slutten av krigarrika-tida i Kina då Qin Shi Huangdi erobra dei andre statane og grunnla det kortliva Qin-dynastiet. Mot slutten av hundreåret kom det meir langvarige Han-dynastiet til makta.

Xiongniu-konføderasjonen var ved makta i Mongolia.

Mauryariket under Asjoka herska i Sør-Asia. Pandya-, Tsjola- og Tsjerarika blomstra lenger sør i dei tamilske områda, der sangamtida tok til.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne