24 Nights

24 Nights
Konsertalbum av Eric Clapton
Språk engelsk
Utgjeve 8. oktober 1991
Innspelt 1990-1991
Royal Albert Hall i London
Sjanger Rock, Blues
Lengd 52:43 (CD 1)
52:40 (CD 2)
Selskap Reprise
Produsent Russ Titelman
Kritikk
Eric Clapton-kronologi 
Journeyman
(1989)
24 Nights Rush
(1991)


24 Nights er eit konsertalbum av Eric Clapton, spelt inn i Royal Albert Hall i London i 1990 og 1991. Det kom ut 8. oktober 1991. Albumet er ein slag «beste av» 42 konsertar Eric Clapton gjorde i Royal Albert Hall i løpet av dei to åra. Clapton sette ny rekord då han spelte 24 kveldar i Royal Albert Hall mellom 5. februar og 9. mars 1991 etter at han hadde spelt 18 kveldar der i 1990. Clapton var visstnok ikkje nøgd med konsertopptaka frå 1990 og utsette plata til etter han hadde spelt dei «24 kveldane» i 1991.[1]

Desse konsertane vart spelte med fire forskjellige instrumentformasjonar, 4-mannsband, blues, 9-mannsband og orkesterkveldar, sistnemnde med National Philharmonic Orchestra dirigert av Michael Kamen.

  1. http://www.whereseric.com/faq/bootlegs/1990s[daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne