A Black Box Studioalbum av Peter Hammill | ||
Utgjeve | August 1980 | |
Innspelt | November 1979 – april 1980 | |
Studio | Sofa Sound i Wiltshire | |
Sjanger | Kunstrock | |
Lengd | 40:54 | |
Selskap | S-Type Records | |
Produsent | Peter Hammill | |
Peter Hammill-kronologi | ||
---|---|---|
pH7 (1979) |
A Black Box | Sitting Targets (1981)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Record Mirror | (flyktig) [2] |
A Black Box er det niande studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på S-Type Records i august 1980.
Hammill spelte nesten alle instrumenta sjølv, inkludert trommene, noko han først hadde gjort på det førre albumet sitt, pH7. Den tidlegare Van der Graaf Generator-kollegaen David Jackson var gjeste artist i lag med David Ferguson frå new-wave-bandet Random Hold, som Hammill hadde produsert debutalbumet for.
Side 1 av plata inneheld ei samling av forskjellige songar, medan side to består av «Flight», som tar opp heile sida, men er delt inn i fleire seksjonar. Det var første gongen Hammill hadde gjeve ut ein lang song av den typen på eit av soloalbuma sine.
Det kortvarige selskapet S-Type (namnet var eit ordspel på «stereo-type»), som albumet kom ut på, vart starta av Hammill og den dåverande manageren hans, Gail Colson. Colson hadde tidlegare vore direktør i det førre plateselskapet til Hammill, Charisma Records, som hadde droppa han frå stallen sin, like før han skulle spele inn A Black Box. S-Type verkar ikkje å ha vore eit suksessrikt føretak, og albumet vart seinare gjeve ut på lisens av Virgin Records, som sidan har kjøpt rettane til heile Charisma-katalogen til Hammill.