A Collection of Great Dance Songs

A Collection of Great Dance Songs
Samlealbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1981
Innspelt 1971–81
Sjanger Progressiv rock
Lengd 42:57
Selskap
Produsent
Pink Floyd-kronologi 
The Wall
(1979)
A Collection of Great Dance Songs The Final Cut
(1983)


Singlar frå A Collection of Great Dance Songs
  1. «Money»
    Utgjeve: December 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Robert ChristgauB+[2]
MusicHound1/5 stars[3]
Rock 82(unfavourable)[4]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[5]

A Collection of Great Dance Songs er eit samlealbum av Pink Floyd som kom ut 23. november 1981, mot Roger Waters si vilje. Albumet er unikt fordi det har forskjellige miksar av «Shine On You Crazy Diamond» (som består av delane 1, 2, 4 og 7) og «Another Brick in the Wall (Part 2)» (som kombinerer introen frå singelmiksen med albumversjonen, medan den tonar ut under «if you don't eat your meat»-seksjonen). Sporet «Money» vart spelt inn på ny sidan Capitol Records nekta å la Columbia Records bruke sporet i USA. Derfor tok David Gilmour og spelte songen inn på nytt der han speler nesten alle instrumenta sjølv, både trommer, gitarar, tangentar, bassgitar og vokal. Songen var produsert i lag med James Guthrie. Dick Parry spela saksofon, som på originalen. Det er nokre små skilnadar mellom dei to versjonane, hovudsakleg i saksofon- og gitarsoloane.

Tittelen på plata er meint ironisk, sidan Pink Floyd ikkje var kjend for å lage musikk ein kunne danse til. Dette kan ein òg sjå på omslaget, som viser bilete av to dansarar som er bardunert til golvet slik at dei ikkje kan røre seg. Hipgnosis laga coveret under eit psevdonym fordi dei hadde blitt uvener med Roger Waters.

Albumet nådde 37. plass på den britiske album lista og 31. plass i USA. Columbia gav ut ei CD-utgåve av albumet i 1997 med betre digital lyd.

  1. Ruhlmann, William (2011). «A Collection of Great Dance Songs - Pink Floyd | AllMusic». allmusic.com. Henta 10. juli 2019. 
  2. Christgau, Robert (2011). «Robert Christgau: CG: Pink Floyd». robertchristgau.com. Arkivert frå originalen den 29. juni 2011. Henta 10. juli 2019. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 872. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. Vesić, Dušan. «A Collection of Great Dance Songs, Pink Floyd». Rock 82 (på serbisk) (Belgrade: NIP Politika) (1): 8. 
  5. Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 9. juli 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne