A New Career in a New Town Song av David Bowie frå albumet Low | ||
Utgjeve | 14. januar 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Kunstock | |
Lengd | 2:53 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie og Tony Visconti |
«A New Career in a New Town» er eit instrumentalt stykke av David Bowie frå albumet Low frå 1977.
Stykket som er utan tekst er likevel sjølvbiografisk, som mange av dei andre songane på albumet. Tittelen «A New Career in a New Town» syner til at Bowie nyleg hadde flytta frå USA til Europa. Trass i den fjerne tonen, representerer det livlege stykket likevel ein slags optimisme over å ha start på nytt.
Songen tener som eit bindeledd mellom A-sida på Low, som startar med ein liknande livleg instrumental, «Speed of Life». Det vert nytta mykje synthesizer og teknikkar av Brian Eno på songen. Heilt framme i stykke er munnspelet til Bowie, som ein kan høyre gjennom heile songen, og som gjev ein kontrast mellom den akustiske reinleiken til instrumentet og det særs elektrifiserte bandet. Sjølv trommene til Dennis Davis var kraftig handsama på songen.