A Saucerful of Secrets

A Saucerful of Secrets
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 29. juni 1968
Innspelt 9. mai 1967–3. mai 1968
Studio EMI Studios og De Lane Lea Studios i London
Sjanger
Lengd 39:25
Selskap
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
The Piper at the Gates of Dawn
(1967)
A Saucerful of Secrets More
(1969)


Singlar frå A Saucerful of Secrets
  1. «Let There Be More Light» / «Remember a Day»
    Utgjeve: 19. august 1968 (berre USA)

A Saucerful of Secrets er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut 29. juni 1968 på EMI Columbia i Storbritannia og 27. juli 1968 i USA på Tower Records. Albumet vart spelt inn før og etter Syd Barrett forsvann frå gruppa. Då oppførselen til Barrett vart stadig meir uføreseieleg, vart han nøydd til å slutte i gruppa og David Gilmour vart henta inn i 1968.[3][4]

Som følgje av dette vart A Saucerful of Secrets det einaste Pink Floyd-albumet, om ein ser bort frå samlealbum, der alle dei fem medlemmane deltok. Gilmour var med på fem songar (alle utanom «Remember a Day» og «Jugband Blues»), medan Barrett var med på tre («Remember a Day», «Jugband Blues» og «Set the Controls for the Heart of the Sun»).[5] «Set the Controls for the Heart of the Sun» var den einaste songen der alle fem medlemmane spelte samstundes. Trommeslagaren i Nick Mason har omtalt A Saucerful of Secrets som favorittalbumet hans av Pink Floyd.[6]

A Saucerful of Secrets nådde niandeplassen på den britiske albumlista, men gjekk ikkje inn på lista i USA i det heile, det einaste albumet deira som ikkje klarte dette. Albumet fekk stort sett positive meldingar, men mange kritikarar har meint at det var dårlegare enn The Piper at the Gates of Dawn.

  1. Edmondson Ph.D., Jacqueline. Music in American Life: An Encyclopedia of the Songs, Styles, Stars, and ... s. 147. ISBN 978-1-4299-6589-7. Henta 3. april 2017. «...Although Pink Floyd found its own origins in the psykedelisk rock of the late 1960-åra—most notably in The Piper at the Gates of Dawn(1967) and A Saucerful Of Secrets(1968)...» 
  2. Bill Martin. Listening to the Future: The Time of Progressive Rock, 1968-1978. s. 165–. ISBN 978-1-4299-6589-7. 
  3. Povey, Glenn (2006). Echoes: The Complete History of Pink Floyd (New utg.). Mind Head Publishing. s. 90. ISBN 978-0-9554624-0-5. 
  4. Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 318. ISBN 0-85965-431-1. 
  5. Gulla, Bob (2009). Guitar Gods: The 25 Players Who Made Rock History. Westport, Conn.: Greenwood Press. s. 92. ISBN 0-313-35806-0. 
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet officer

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne