A Winter's Tale Singel av Queen frå albumet Made in Heaven | ||
B-side |
«Thank God It's Christmas» «Rock in Rio Blues» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. desember 1995 | |
Innspelt | 1991-1995 | |
Sjanger | rock, softrock, kunstrock, psykedelisk rock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Komponist | John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury, John Deacon, Brian May, Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | Queen (Freddie Mercury) | |
Produsent | Queen, David Richards, Justin Shirley-Smith, Josh Macrae | |
Queen-kronologi | ||
«Heaven for Everyone» (1995) |
A Winter's Tale | «I Was Born to Love You» (1996)
|
«A Winter's Tale» er ein song av Queen, frå albumet Made in Heaven, som kom ut i 1995 etter Freddie Mercury døydde i 1991. Han vart skriven etter innspelinga av Innuendo var over, og Mercury fekk inspirasjon til songen då han kikka ut vindauga på sjukehuset sitt ved Genfersjøen i Sveits. Songen har ei psykedelisk, draumeaktig kjensle, og skildrar det Mercury såg utafor vindauga.
Mercury skreiv songen og spelte inn vokal og klaverinstrument. I dokumentarfilmen «Queen - Champions of the World» vert det sagt at dette var, om ikkje den første så i alle fall eit av dei særs få gongane Mercury spelte inn heile songen i eit forsøk i studio. Det vart sagt i filmen at Mercury alltid insisterte på å lage musikken før dei byrja på vokalarrangementet, men innsåg at han hadde lite tid att og at det ikkje var tid til å gjere det på noko anna måte.
Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. I Storbritannia var singelen òg tilgjengeleg i eit avgrensa CD-omslag med grønt papir, som likna ei julegåve.