Aasta Hansteen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. desember 1824 Christiania |
Død |
13. april 1908 (83 år) |
Yrke | kunstmålar, skribent, kvinnesaksforkjemper |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Christopher Hansteen |
Aasta Hansteen på Commons |
Aasta Hansteen (10. desember 1824–13. april 1908) var ein norsk kunstmålar, forfattar, målkvinne, samfunnsdebattant og kvinnesaksforkjempar. Ho var den fyrste norske kvinna som fekk profesjonell utdanning til å verta målar,[1] den fyrste kvinnelege portrettmålaren i Christiania og den fyrste norske kvinna som heldt offentlege førelesingar.[2] Ho var også ein av dei fyrste nordmennene til å nytta landsmål.[3]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :0