Ab urbe condita eller anno urbis conditae (AUC eller a.u.c.) er latin for «Frå grunnlegginga av byen» (byen er Roma). Året då Roma var grunnlagt er tradisjonelt sett til 753 fvt.,[1] og nokre få romerske historikarar brukte det for å oppgje årstal. Moderne historikarar har teke denne tidsrekninga i bruk i større grad enn romarane gjorde. For romarane sjølve var det vanleg å oppgje eit år ved å oppgje namna på dei to som var konsular det året.