Abirim | |||
landsby | |||
Metsad Abirim, a ruin of tower or mausoleum near Abirim
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Ma'ale Yosef | ||
Koordinatar | 33°2′22.45″N 35°17′14.67″E / 33.0395694°N 35.2874083°E | ||
Folketal | 193 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1980 | ||
Abirim 33°02′22″N 35°17′15″E / 33.039569444444°N 35.287408333333°E | |||
Kart som viser Abirim.
| |||
Wikimedia Commons: Abirim |
Abirim (אַבִּירִים, tyder Riddarar) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea, tre kilometer frå Ma'alot-Tarshiha, og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 193.[1]
Abirim vart grunnlagd i 1980 og kalla opp etter dei nærliggande ruinane av Metzad Abirim (Riddarfestninga). Han ligg midt i ein naturleg eikeskog ved Nahal Kziv naturreservat.
I følgje Walid Khalidi, vart Abirim grunnlagd på landområdet til den arabiske landsbyen Dayr al-Qassi.[2] I følgje kart og korleis det ser ut i området, så stemmer ikkje dette. Fassuta er den næraste landsbyen.
Abirim har ein årleg vinfestival med utstilling av lokale vinar.[3]