Abraham Berge | |||
![]() | |||
Fødd | 20. august 1851 Lyngdal | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juli 1936 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre, Frisindede Venstre (1906–) | ||
Yrke | politikar, lærar, bonde, lokalhistorikar, embetsperson | ||
Verv | Norsk statsminister 1923–1924 | ||
Føregangar | Otto B. Halvorsen | ||
Etterfylgjar | Johan Ludwig Mowinckel | ||
Verv | Norsk finansminister 1923–1924 | ||
Føregangar | Otto Albert Blehr | ||
Etterfylgjar | Arnold Holmboe | ||
Verv | Norsk finansminister 1910–1912 | ||
Føregangar | Gunnar Knudsen | ||
Etterfylgjar | Fredrik Ludvig Konow | ||
Verv | Norsk kyrkje- og undervisingsminister 1907–1908 | ||
Føregangar | Otto Jensen | ||
Etterfylgjar | Karl Seip | ||
Verv | Norsk finansminister 1906–1907 | ||
Føregangar | Edvard Hagerup Bull | ||
Etterfylgjar | Magnus Halvorsen | ||
Alle verv |
|
Abraham Theodor Berge, (20. august 1851–10. juli 1936) var ein norsk politikar frå Lyngdal i noverande Vest-Agder fylke. Han var statsminister i Noreg frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Berge representerte Frisindede Venstre og var ein av stiftarane av partiet. Tidlegare statsminister Otto Bahr Halvorsen døydde etter berre to månadar i statsministerstolen i si andre regjering. Regjeringa Halvorsen gjekk av 29. mai 1923. Berge gjekk inn for å fjerna alkoholforbodet, noko som gav den nye regjeringa problem. Stortingsfleirtalet kravde ny folkerøysting om alkoholforbod, og regjeringa fall.