Achill Island Lokalt namn Acaill, Oileán Acla | |
---|---|
![]() Fjellet Slievemore er dominerande på Achill Island | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 53°58′N 10°00′W / 53.967°N 10.000°W
|
Areal | 148 km²
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Mayo
|
Demografi | |
Folketal | 2 700
|
Achill (irsk Acaill, Oileán Acla) er den største øya i Republikken Irland. Ho ligg i County Mayo på vestkysten av Irland. Ho har om lag 2 700 innbyggjarar og eit areal på 148 km². Achill er forbunde til fastlandet via Michael Davitt-brua mellom landsbyane Achill Sound og Polranny. Brua er ein kombinasjon av ei vegfylling og ei svingbru, slik at små båtar kan passere forbi. Den første brua over sundet vart bygd i 1887, men denne vart erstatta av den noverande brua i 1949. Andre landsbyar på øya er Keel, Dooagh, Dooega og Dugort. Ein meiner det har budd folk på Achill i 5000 år. Ei padleåre frå denne perioden vart funnen ved ein crannog, ei førhistorisk kunstig øy, nær Dookinella.
87 % av øya består av torvmyr. Kommunen Achill inkluderer òg Corraunhalvøya. Folket på Corraun reknar seg sjølv som ein del av Achill-folket.