Adam er eit mannsnamn med hebraisk opphav og tyder menneske. Den latinske forma av namnet er Adamus.
Namnet kan òg brukast som etternamn, anten i same form som førenamnet eller som patronym, slik som Adams eller Adamsen. Ein kjend målarfamilie frå München heitte Adam.
Namnet Adam har vorte brukt i Noreg sidan 1400-talet.