Adana

Adana
by
Adana
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Adana
Høgd 23 moh.
Koordinatar 37°0′N 35°19.28′E / 37.000°N 35.32133°E / 37.000; 35.32133
Areal 2 700 km²
Folketal 1 609 790 [1][2]
 •  storby 1 617 284
Folketettleik 596 / km²
Grunnlagd 6000 fvt.
Borgarmeister Zihni Aldırmaz
Tidssone EET (UTC+2)
 •  Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 01xxx
Retningsnummer 0322
Kart
Adana
37°00′09″N 35°18′48″E / 37.00262°N 35.31346°E / 37.00262; 35.31346
Kart som viser Adana.
Kart som viser Adana.
Kart som viser Adana.
Wikimedia Commons: Adana
Nettstad: http://www.adana.bel.tr

Adana er ein by sør i Tyrkia og eit stort jordbruks- og handelssenter. Byen ligg ved elva Seyhan, 30 km frå kysten av Middelhavet sør i det sentrale Anatolia. Han er det administrative senteret i provinsen Adana og er den femte største byen i Tyrkia. Byen har kring 1,6 millionar innbyggjarar. Adana-Mersin storbyområde har kring 3 millionar innbyggjarar og strekkjer seg over 100 km frå aust til vest og 25 km frå nord til sør. Dette området omfattar byane Mersin, Tarsus, Adana og Ceyhan.

Adana ligg i hjartet av Çukurova, eit geografisk, økonomisk og kulturelt område som dekkjer provinsane Mersin, Adana, Osmaniye og Hatay. Her bur om lag seks millionar menneske på ei ei flat, frodig slette som er eit av dei mest produktive jordbruksområda i verda.[3]

Adana ligg ved jernbanelinja mellom Istanbul og Bagdad, med sidebane til hamnebyen Mersin. Han har vore eit viktig senter for den tyrkiske bomullsindustrien med stor produksjon av tekstil. Byen har universitet frå 1973 og fleire vakre moskear.

  1. - 2011
  2. [1] Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine. Address-based population survey 2011.
  3. «2011 Population of Çukurova». Statistics Institute of Turkey. Henta 21. august 2012. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne