Den administrative inndelinga av Serbia byggjer på kommunar og byar, som utgjer det grunnleggjande nivået i lokalstyret i landet. Det er (2024) 145 kommunar og 29 byar, som er grupperte i 29 adminstrative distrikt, bortsett frå hovudstaden Beograd, som ikkje er del av noko distrikt, men som har status på same nivå som distrikta. Somme av dei største byane er delte inn i bydelskommunar.[1]
For statistiske føremål er landet delt inn i fem statistiske regionar. Av desse har Vojvodina og Kosovo og Metohija formelt status som autonome regionar, men den sistnemnde er kontrollert av den delvis anerkjende sjølvstendige republikken Kosovo og utanfor kontroll av serbiske styresmakter.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Årbok2023