Adresseavisen | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Avis | ||
Org.nummer | 992664568 | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1767 | ||
Eigarar | Polaris Media Midt-Norge | ||
Sjefredaktør(er) | Kirsti Husby (2017)[1] | ||
Språk | Norsk | ||
Hovudkvarter | Trondheim | ||
Nettstad | https://adressa.no (norsk) |
Adresseavisen, oftast kalla Adress(e)avisa' eller Adressa i daglegtale, er den eldste framleis eksisterande avisa i Noreg og kjem ut i Trondheim. Adresseavisen er ei dagsavis som kjem ut alle dagar i veka unnateke sundag.
Avisa kom ut første gong den 3. juli 1767 under namnet Kongelig allene priviligerede Trondhiems Adresse Contoirs Efterretninger. Etter fleire namneendringar fekk ho i 1927 det noverande namnet Adresseavisen.