Adrian

Adrian Petit Coclico er ein namneberar frå mellomalderen.

Adrian er eit mannsnamn av latinsk opphav. Det er òg noko brukt som slektsnamn. Adrian har namnedag den 4. mars.

Adrian er, som Hadrian, avleidd frå det latinske Hadrianus, som tyder 'frå Hadria'. Byen det er snakk om heiter no Adria, og har gjeve namn til Adriahavet.

Namnet har variantar som italiensk og spansk Adriano, fransk Adrien, nederlandsk Adriaan og kroatisk Jadranko. Det har kortformer som Ad, Adi, Adri, Ardi, Arri, Arie, Arjan, Jaans og Daan. Nokre kvinnelege former av namnet er Adriana, Adrienne og Adrianne.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne