Aerosmith | |||
Aerosmith på scenen i 2019 | |||
Opphav | Boston i Massachusetts i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1970[1] | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Medlemmer | |||
Tidlegare medlemmer |
| ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Aerosmith er eit USA-amerikanske rockeband skipa i Boston i 1970.[2] Gruppa består av Steven Tyler (solovokal, munnspel, piano), Joe Perry (gitar), Tom Hamilton (bass), Joey Kramer (trommer) og Brad Whitford (gitar). Stilen deira, som har røter i blues-basert hardrock,[3][4] har òg innlemma element frå poprock,[5] heavy metal,[3] glam metal,[6] og rhythm and blues,[7] og har inspirert mange seinare rockeartistar.[8] Dei blir av og til omtalte som «the Bad Boys from Boston»[9] og «America's Greatest Rock and roll Band».[10][11][12][13] Det primære låtskrivarteamet Tyler og Perry er ofte kjend som The «Toxic Twins».
Perry og Hamilton, opphavleg i eit band saman kalla The Jam Band, møtte Tyler, Kramer og gitaristen Ray Tabano, og danna Aerosmith. I 1971 vart Tabano erstatta av Whitford. Dei gav ut ei rekkje platina-album som starta med det sjølvoppkalla debutalbumet deira i 1973, etterfølgd av Get Your Wings i 1974.[14] Bandet slo gjennom med Toys in the Attic (1975) og Rocks (1976).[15] Draw the Line og Night in the Ruts følgde i 1977 og 1979. Gjennom 1970-talet turnerte bandet mykje og hadde eit dusin Hot 100-singlar, inkludert deira første Topp 40-hit «Sweet Emotion» og topp 10-hitane «Dream On» og «Walk This Way». Mot slutten av tiåret var dei blant dei mest populære hardrockbanda i verda og utvikla ein fanskare, ofte omtalt som «The Blue Army».[16] Narkotikamisbruk og interne konfliktar førte til at Perry og Whitford forlét bandet i 1979 og 1981.[4] Det gjekk ikkje bra for bandet, og albumet Rock in a Hard Place (1982) klarte ikkje å matcha tidlegare suksessar.
Perry og Whitford vende tilbake til Aerosmith i 1984. Etter ein comeback-turné spelte dei inn Done with Mirrors (1985), som ikkje innfridde dei kommersielle forventningane. Det var ikkje før eit samarbeid med rapgruppa Run-D.M.C. i 1986 på ei nyinnspeling av «Walk This Way», og multiplatinutgivinga Permanent Vacation frå 1987, at dei vann tilbake den tidlegare populariteten sin.[17] På slutten av 1980- og 1990-talet vann bandet ei rekkje prisar for musikken frå multiplatina-albuma Pump (1989), Get a Grip (1993) og Nine Lives (1997), medan dei la ut på sine hittil mest omfattande konsertturnear. Deira største hittar i denne perioden inkluderte «Dude (Looks Like a Lady)», «Angel», «Rag Doll», «Love in an Elevator», «Janie's Got a Gun», «What it Takes», «Livin' on the Edge», «Cryin'» og «Crazy». Bandet spelte òg inn populære musikkvideoar og gjorde oppsiktsvekkjande opptredenar i fjernsyn, film og videospel. I 1998 fekk dei sin første nummer éin-hit med «I Don't Want to Miss a Thing» frå Armageddon-soundtracket, og året etter opna berg-og-dal-bane-attraksjonen deira i Walt Disney World.comebacket deira har vorte skildra som eit av dei mest oppsiktsvekkjande og spektakulære i rockehistoria.[3][4] Ytterlegare album Just Push Play (som inkluderte hitten «Jaded»), Honkin' on Bobo (ei samling bluescoversongar), og Music from Another Dimension! følgde i 2001, 2004 og 2012. I 2008 gav dei ut Guitar Hero: Aerosmith, som blir rekna for å vera det mest selde band-sentrerte videospelet. Etter fem tiår held bandet fram med å turnera og spela inn musikk. Frå 2019 til 2022 hadde bandet ein konsertopphald i Las Vegas, som vart avbrote frå 2020 til 2021 på grunn av covid-19-pandemien.
Aerosmith er det bestseljande amerikanske hardrockbandet gjennom tidene, og har selt meir enn 150 millionar plater på verdsbasis, inkludert over 85 millionar plater i USA.[18][19] Med 25 gull-, 18 platina- og 12 multiplatina-album har dei rekorden for flest RIAA-sertifiseringar totalt av ei amerikansk gruppe og ligg på delt førsteplass for flest multiplatina-album av ei amerikansk gruppe. Dei har oppnådd tjueein topp 40-hittar på den amerikanske Hot 100-lista, ni nummer éin Mainstream Rock-hittar, fire Grammyprisar, seks American Music Awards og ti MTV Video Music Awards. Dei vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame i 2001, og vart rangert som høvesvis nummer 57 og 30 på Rolling Stone og VH1 sine lister over dei 100 største artistane gjennom tidene.[20] I 2013 vart Tyler og Perry innlemma i Songwriters Hall of Fame, og i 2020 fekk bandet prisen MusiCares Person of the Year.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NewHampshire