Afrikansk historie

Sanfolk har ei svært lang historie i Afrika, og har utført store mengder bergkunst, som her i Zimbabwe.

Afrikansk historie går langt tilbake i tid, ettersom det var i Afrika at menneskeslekta oppstod. Her har det utvikla seg eit utal svært ulike språk og folkegrupper, medan rike som det gamle Egypt, Ghanariket og Zuluriket har oppstått og tankar og tru har spreidd seg.

Mennesket oppstod i Afrika for rundt 100 000– 150 000 år sidan. Landbruket oppstod for rundt 12 000 og metallurgi for rundt 6 000 år sidan. Større rike oppstod ulike stader, først i det gamle Egypt og seinare i Maghreb og på Afrikas horn. I Vest-Afrika oppstod bystatar som seinare kunne danna mektige rike. Spreiinga av bantufolk og -språk frå rundt 3000–2500 f.Kr. og heilt fram til 1800-talet, kjend som bantuekspansjonen, er den største afrikanske folkevandringa ein kjenner til. Islam spreidde seg både i Aust- og Nord-Afrika, Sahel og seinare i Vest-Afrika, der det mellom anna innførte ein skriftkultur.

Frå slutten av 1400-talet tok ulike grupper store mengder menneske frå Vest-, Sentral- og Søraust-Afrika og sende dei til koloniane som slavar. Europeiske makter deltok seinare i «Kappløpet om Afrika», der dei delte størsteparten av kontinentet mellom seg som koloniar. Etter krav og fleire sjølvstendekrigar fekk mange land sjølvstende frå slutten av andre verdskrigen. Moderne afrikansk historie har vore prega av forsøk på å få desse nye statane til å fungera.

Vestlege historikarar meinte lenge at afrika mangla historie fordi det fanst få skriftlege kjelder derfrå, og fordi området hadde utvikla seg på ein annan måte enn Eurasia. I dag er afrikansk historie eit respektert felt som tek i bruk arkeologi, munnleg overlevering og den skrifta som likevel finst. Historia er likevel ikkje delt inn i fastlagde epokar slik som til dømes europeisk historie.

Hakkeverktøy frå oldowantradisjonen, funne i Marokko.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne