Aftermath

Aftermath
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 15. april 1966
Innspelt 3–8. desember 1965, 6–9. mars 1966
Studio RCA Studios, Hollywood i California
Sjanger Rock, pop
Lengd 53:20
Selskap Decca (UK)
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi 
Out of Our Heads
(1965)
Aftermath Between the Buttons
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic (UK)5/5 stars[1]
AllMusic (US)5/5 stars[2]
Blender5/5 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[4]
MusicHound5/5[5]
Music Story5/5 stars[6]
NME7/10[7]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[8]

Aftermath er eit album av The Rolling Stones frå 1966. Albumet var det store kunstnariske gjennombrotet for The Rolling Stones, og var det første albumet deira som berre bestod av songar skrivne av Mick Jagger/Keith Richards. Aftermath var òg det første Rolling Stones-albumet som berre vart spelt inn i USA, i legendariske RCA Studios i Hollywood i California og det første albumet bandet gav ut i stereo.

Albumet er òg kjend for den musikalske eksperimenteringa med Brian Jones som speler fleire forskjellige instrument som til då var uvanlege i rock. Mellom anna spelte han sitar på «Paint It, Black», appalachian dulcimer på «Lady Jane» og «I Am Waiting», marimba på «Under My Thumb» og «Out of Time», munnspel på «High and Dry» og «Goin’ Home», samt gitar og tangentinstrument.

Som med alle Stones-album før 1967, var utgåvene som kom ut i Storbritannia og USA forskjellige. Dette var vanlege for dei fleste britiske popalbum på denne tida – og same praksisen vart gjort med til dømes albuma til The Beatles før 1967. Dei britiske albuma inneheldt vanlegvis ikkje singlane som vart gjeve ut, medan desse var med på dei amerikanske utgåvene.

Den (originale) britiske utgåva av Aftermath kom ut i april 1966 som ein fjortenspors LP og dette vert generelt rekna som den definitive utgåva. Han kom mellom singlane «19th Nervous Breakdown» og «Paint It, Black», og vart ein stor hit i Storbritannia der han låg åtte veker på førsteplassen.

Den amerikanske utgåva kom i juni og hadde anna plateomslag og færre songar i ei anna rekkefølgje. Songar som mangla var «Out of Time», «Take It or Leave It», «What to Do» og «Mother’s Little Helper». Dei fire spora vart seinare gjeve ut i USA på andre samlingar, og «Mother’s Little Helper» var alt ute som singel i 1966, og nådde åttandeplass på Billboardlista. I staden for vart hitten «Paint It, Black» med på albumet. Den amerikanske utgåva nådde andreplassen på albumlista i USA. I 2002 vart den amerikanske utgåva av Aftermath rangert som det 108. beste albumet gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone.

  1. AllMusic review (UK)
  2. AllMusic review (US)
  3. Blender review Arkivert 16. august 2009 ved Wayback Machine.
  4. «The Rolling Stones Aftermath». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 26. mars 2018. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 950. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 10. juni 2016, henta 26. mars 2018 
  7. «The Rolling Stones – Aftermath CD Album" > "Product Reviews». CD Universe/Muze. Henta 26. mars 2018. 
  8. "The Rolling Stones: Album Guide". rollingstone.com. Henta 26. mars 2018.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne