Aix-la-Chapelle-traktaten, også kjend som Aachen-traktaten, er ein fredstraktat frå 1748 som avslutta den austerrikske arvefølgjekrigen. Ein kongress vart samla ved den keisarlege fribyen Aachen, eller Aix-la-Chapelle, vest i Det tysk-romerske riket den 24. april 1748. Det resulterte i ein traktat som vart underskriven den 18. oktober 1748.