Eit akademi (gresk akademeia) er ein utdanningsinstitusjon eller foreining til støtte for høgare læring innan ulike disipliner som vitskap eller kunst.[1]
Namnet stammar frå Platon sin skule for filosofi og læring i Athen, grunnlagd ca. 385 fvt. Platon sitt Akademi låg i nærleiken av eit tempel i utkanten av byen som etter tradisjonen skulle vere oppkalla etter helten Akademos.[1] Namnet på tempelet kom også til å visa til skulen hans.
Det første offisielle kunstakademiet, Accademia del Disegno, vart grunnlagd i 1563 i Firenze av Giorgio Vasari med hertug Cosimo I de' Medici og Michelangelo som leiarar. Ei viktig oppgåve for dette og seinare akademi var å gjera laugsystemet overflødig og heve statusen til kunstnaren over den til handverkaren ved å gje både teoretisk og praktisk undervisning.