Al-Janudiyah | |||
الجانودية | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib guvernement | ||
Distrikt | Jisr al-Shughur-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Janudiyah | ||
Koordinatar | 35°53′05″N 36°17′27″E / 35.88472°N 36.29083°E | ||
Folketal | 7 774 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Al-Janudiyah 35°53′05″N 36°17′27″E / 35.88472222°N 36.29083333°E | |||
Al-Janudiyah (arabisk الجانودية; òg skrive al-Janoudiya, el-Janudieh eller al-Janoodiya) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nordvest for Idlib langs vestbreidda av Orontes i Zawiya.[2] Av stader i nærleiken finn ein Shughur Fuqani i sørvest, Jisr al-Shughur 10 kilometer mot sør, Bishlamun i søraust, Kafr Dibbin i nordaust, Yacoubiyah og al-Qunaya i nord og al-Malnad i nordvest.
I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Janudiyah eit folketal på 5 295 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i al-Janudiyah nahiyah som består av 13 stader med eit samla folketal på 19 642.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg kristne, i følgje Agence France-Presse.[3]
Det finst antikk keramikk i Al-Janudiya som liknar keramikken frå Amuq-området.[4] Geologien på staden er markert av mjuk mergel og kalkstein.[5]