Aladdin Sane Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. april 1973 | |
Innspelt | Trident Studios og RCA Studios i London, og Nashville i Tennessee, 6. oktober 1972 til 24. januar 1973 | |
Sjanger | Glamrock, hardrock | |
Lengd | 40:47 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Ken Scott og David Bowie | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) |
Aladdin Sane | Pin Ups (1973) |
Singlar frå Aladdin Sane | ||
|
Aladdin Sane er det sjette albumet til David Bowie, gjeven ut av RCA Records i 1973. Det var oppfølgjaren til gjennombrotet hans, The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, og det første albumet Bowie skreiv og gav ut som skikkeleg rockestjerne.
Mange kritikarar meiner at det inneheld nokre av dei beste songane hans, men meiningar om den heilskaplege kvaliteten er ofte delte. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla albumet «merkeleg utilfredsstillande, og langt dårlegare enn summen av delane»,[1] medan Bowie-biografen Nicholas Pegg skildra det som «eit av dei mest påtrengande, uimotståelege og viktige» utgjevingane hans.[2] Rolling Stone-meldinga av Ben Gerson meinte det var «mindre manisk enn The Man Who Sold The World og mindre intimt enn Hunky Dory, utan åtaka av tvil på seg sjølv.»[3] Det var eit av seks Bowie-album som finst på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene (på 277. plass) og vart rangert på 77. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma i 1970-åra.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rsrev