Alan Wakeman | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hammersmith | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1968– | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | Saksofon, klarinett | ||
Tilknytte artistar | Soft Machine | ||
Verka som | Musikar |
Alan Wakeman (fødd 13. oktober 1947) er ein engelsk saksofonist, mest kjend for arbeidet med Soft Machine i 1976 på albumet Softs.[1] Han er syskenbarnet til klaverspelaren Rick Wakeman.
Wakeman starta å spele klarinett 14 år gammal og spelte i band med syskenbarnet Rick på piano. Han bytta til altsaksofon då han var 16, og sidan til tenorsaksofon. Han spelar òg sopransaksofon.
Han vart med i Paul Lytton Quartet i 1968 go danna sin eigen trio i 1970 (med Harry Miller på bass). Sidan arbeidde han med Graham Collier, Johnny Dankworth og Mike Westbrook. Han var med i den første utgåva av Alan Gowen-bandet Gilgamesh i 1972-3, men forlet bandet før dei spelte inn det første albumet sitt.
Han forlet Soft Machine i 1976 for å spele i bandet til David Essex. Han arbeidde vidare med Westbrook og i West End, mellom anna for musikalen Grease.