Albumet Golden Years

Golden Years
Samlealbum av David Bowie
Utgjeve August 1983
Innspelt 1973-1980
Sjanger Rock
Selskap RCA Records
David Bowie-kronologi 
Let's Dance
(1983)
Golden Years Ziggy Stardust: The Motion Picture
(1983)
Samlealbum av David Bowie-kronologi
Rare
(1982)
Golden Years Fame and Fashion
(1984)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]
The Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[2]

Golden Years er eit samlealbum frå 1983 av David Bowie, gjeven ut av RCA Records.

Etter 11 år hos RCA Records, avslutta Bowie kontrakten og signerte for EMI Records, og gav ut det særs populære albumet Let's Dance i 1983. RCA ønskte å utnytte populariteten til det nye albumet, og gav ut Golden Years, ei samling med songar tidlegare gjevne ut av Bowie. Plateomslaget bestod av eit nyleg fotografi av Bowie, som gav eit falskt inntrykk av at albumet inneheld ny musikk. Alle songane på albumet vart framført på konsert av Bowie under Serious Moonlight-turneen hans i 1983. Bowie var sint for at dette og andre samleplater kom ut på RCA utan at han fekk eit ord med i laget. I 1984 gav RCA ut alle dei tidlegare Bowie-platene på CD, igjen utan å be om løyve. Bowie fekk seinare kontroll over rettane til katalogen sin, så dei originale CD-utgåvene på RCA var berre i trykk ei kort stund og er i dag ettertrakta samlarobjekt.

  1. «Golden Years - David Bowie». AllMusic. Henta 6. august 2017. 
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne