Xanadu Filmmusikkalbum av Olivia Newton-John og Electric Light Orchestra | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Pop, poprock, disco, tradisjonell pop, arenarock | |
Lengd | 41:34 | |
Selskap | Jet Records (UK) MCA Records (US) | |
Produsent | Jeff Lynne, John Farrar | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
---|---|---|
A Box of Their Best (1980) |
Xanadu | Four Light Years (1980) |
Olivia Newton-John-kronologi | ||
Totally Hot (1979) |
Xanadu | Physical (1981)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Smash Hits | 6/10[2] |
Xanadu er eit filmmusikkalbum frå 1980 etter musikalfilmen med same namn med den australske songaren Olivia Newton-John og den britiske gruppa Electric Light Orchestra (ELO).
Albumet vart gjeve ut med songar av Newton-John på side ein og songar av ELO på side to. I 2008 vart albumet gjeve ut på ny med nymastra lyd og ein bonus-CD som ein del av DVD-utgjevinga av filmen.
Filmen fekk dårleg kritikk og gjekk dårleg på kino, men filmmusikken vart særs populær verda over. Hitsinglane «Magic» og «Xanadu», som nådde førsteplassen i høvesvis USA og Storbritannia. Begge singlane nådde òg toppen av singellistene i Nederland og Italia. Det var det femte mest populære filmmusikkalbumet i USA i 1981.[3]