Albumet Wazoo

Wazoo
Konsertalbum av Frank Zappa
Utgjeve 30. oktober 2007
Innspelt Boston Music Hall,
24. september 1972
Sjanger Jazzfusion
Lengd 51:35 (disk 1)
44:30 (disk 2)
Selskap Vaulternative
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
The Dub Room Special
(2007)
Wazoo One Shot Deal
(2008)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Rolling Stone4/5 stars [2]

Wazoo er eit konsertalbum av Frank Zappa, posthumt gjeve ut 30. oktober 2007.

Det er eit dobbeltalbum som består av ein heil konsert framført av det 20 mann store storbandet «The Mothers of Invention/Hot Rats/Grand Wazoo» den 24. september 1972 ved the Music Hall i Boston i Massachusetts i USA.

Det er den siste konserten i ei rekkje konsertar som Zappa heldt etter han kom attende etter ei ulukke, då han vart angripen på scenen og fall ned og vart hardt skadd på Rainbow Theater i London på 10. desember 1971.

Songane syner den meir jazz-baserte musikken til Zappa og mange av songane finst på studioalbuma The Grand Wazoo og Waka/Jawaka i 1972, og studioalbumet Studio Tan frå 1978. Øvingane som førte til desse albuma og konsertane er dokumentert på Joe's Domage (2004), medan Imaginary Diseases (2006) syner ei nedstrippa utgåve av storbandet kalla «Petite Wazoo».

Wazoo er den tredje plata til Vaulternative Records med komplette Zappa-konsertar etter FZ:OZ (2002) og Buffalo (2007).

  1. «allmusic ((( Wazoo! > Overview )))». allmusic.com. Henta 25. august 2014. 
  2. «Frank Zappa: Zappa/Wazoo : Music Reviews : Rolling Stone». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 19. august 2009. Henta 25. august 2014. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne