Goes to Hell Studioalbum av Alice Cooper | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juni 1976 | |
Innspelt | Soundstage i Toronto; Record Plant East i New York og RCA Recording Studios i Los Angeles | |
Sjanger | Rock, hardrock, poprock | |
Lengd | 43:15 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Alice Cooper-kronologi | ||
Welcome to My Nightmare (1975) |
Goes to Hell | Lace and Whiskey (1977)
|
Alice Cooper Goes to Hell er det niande studioalbumet til album Alice Cooper og kom ut i 1976. Det var ein oppfølgjar til Welcome to My Nightmare og eit konseptalbum. Nesten heile albumet var skriven av Cooper i lag med gitaristen Dick Wagner og produsenten Bob Ezrin.[3]
Med suksessen til «Only Women Bleed» frå det første soloalbumet, heldt Alice fram med rockeballadar på dette albumet. «I Never Cry» vart skriven om alkoholproblemet hans, som eitt år seinare sende han på rehabilitering. Copper kalla songen «vedkjenninga til ein alkoholikar».
«Alice Cooper Goes To Hell»-turneen i 1976 vart kansellert fordi Cooper leid av blodmangel på den tida.
I 2005 vart opningssporet «Go to Hell» nytta som temasongen for den sjette episoden av Lucy, the Daughter of the Devil. Songen vart òg nytta i videospelet Grand Theft Auto IV: The Lost and Damned og i filmen The American Way frå 1986.