Alive & Kicking Singel av Simple Minds frå albumet Once Upon a Time | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. september 1985 (USA) 30. september 1985 (Storbritannia) | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | poprock, new wave, synthpop | |
Lengd | 4:47 (single version) 4:33 (radio version) 5:26 (album/video version) | |
Selskap | Virgin | |
Komponist | Jim Kerr, Mick MacNeil, Charlie Burchill | |
Tekstforfattar | Jim Kerr, Mick MacNeil, Charlie Burchill | |
Låtskrivar(ar) | Jim Kerr, Charlie Burchill, Mick MacNeil | |
---|---|---|
Produsent | Bob Clearmountain, Jimmy Iovine | |
Simple Minds-kronologi | ||
«Don't You (Forget About Me)» (1985) |
Alive & Kicking | «Sanctify Yourself» (1986)
|
«Alive and Kicking» er ein song av det skotske rockebandet Simple Minds. Han kom ut i 1985 som den første singelen frå det sjuande studioalbumet deira, Once Upon a Time.[1] Songen nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, fjerdeplassen i Canada, og topp 5 i fleire europeiske land, som Italia, der han gjekk heilt til topps.