Alke

Alke
Alke
Alke

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Alke
Utbreiinga av Alke
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Alca
Art: Alke A. torda
Vitskapleg namn
Alca torda

Alke (Alca torda) er ein sjøfugl i alkefamilien og den einaste eksisterande medlemmen av slekta Alca. Arten er den næraste levande slektningen til den utdøydde geirfuglen (Pinguinis impennis).[2] Leveområdet for alker er det subarktiske Atlanterhavet.

Alker er primært svarte med ei kvit underside. Hannen og hoa er identiske i fjørdrakt, men hannar skil seg ut som noko større enn hoer. Denne smidige fuglen har stort sett eit akvatisk levesett og kjem berre til land for å hekke. Dei lever monogamt, formeirar seg med same partnar for livet. Hoene legg eitt egg per år. Alker hekkar langs kystklippene i lukka eller lett synlege sprekkar. Foreldra deler rugetida likt, og når ungen er klekt, byter dei på å bringe føde til ungen.

Trugsmål mot denne arten er mellom anna verknader av klimaendringar, overfiske som reduserer tilgang på føde og garnfiske og fiske med drivgarn i alka sitt leveområde.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rliste21
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Moum

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne