Alkefamilien

Alkefamilien
Alkefuglar i utval
Alkefuglar i utval
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Leach, 1820

Alkefamilien (Alcidae), alkefuglar, er ein familie i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Familien har 23 artar fordelt på 10 slekter, alle med leveområde i relativt nordlege, kalde område. Seks artar lever i Nord-Atlanteren, alle desse hekkar mellom anna i Noreg. 19 til 20 artar er utbreidd i Stillehavet. Alkefuglane liknar pingvinar i fargemønsteret, i den oppreiste kroppsstillinga, og i litt av levemåten. Likevel er desse to gruppene ikkje nært i slekt, men snarare eit eksempel på moderat konvergerande evolusjon.

I motsetnad til pingvinar, er alkefuglane i stand til å flyge. Unntaket var geirfuglen. Dei er gode symjarar og dukkarar, men dei opptrer keiveleg til fots. Vengene er korte med lite bereevne, så alkefuglane må nytte høg frekvens på vengeslaga for å flyge. Nolevande alkefuglar varierer i storleik frå den minste, flekkdvergalke, på 85 gram og 15 cm, til polarlomvi, som kan nå eit kilogram og 45 cm i kroppslengd.

Alkefuglane lever på opent hav og går i land berre for hekking, sjølv om enkelte artar, som lomvien bruker ein stor del av året til å forsvare reirplassen sin mot andre fuglar.

Somme artar, for eksempel slekta Uria, lomviar, hekkar i store koloniar i fuglefjell. Andre, som slekta Cepphus, teistar, hekkar i mindre grupper i steinurer, og lunde, alker og nokre starikar (slekta Synthliboramphus) hekkar i tronge jord og fjellhòler. Dvergteistar, Brachyramphus dannar ikkje hekkekoloniar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne