«All Day and All of the Night» Singel av The Kinks | ||
B-side |
«I Gotta Move» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. oktober 1964 | |
Innspelt | 23. september 1964 ved Pye Studios (No. 2), London | |
Sjanger | Hardrock, garagerock | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | Pye 7N 15714 (UK) Reprise 0334 (USA) | |
Tekstforfattar | Ray Davies | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Kinks-kronologi | ||
«You Really Got Me» (1964) |
«All Day and All of the Night» | «Tired of Waiting for You» (1965)
|
«All Day and All of the Night» er ein song av det britiske bandet The Kinks frå 1964. Songen vart gjeven ut på singel og nådde andreplassen på den britiske singellista og sjuandeplassen i USA.
Som den førre singelen deira, «You Really Got Me» støttar songen seg på eit enkelt powerakkord-riff, men er på denne songen hakket meir komplisert, og har ein ein H-akkord etter akkordane F og G. Elles har songen liknande rytme og struktur, korvokal, progresjon og gitarsoloar som «You Really Got Me». Songen vart plassert på 57. plass på Pure Pop si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene.[1]
Songen var òg tittelsporet på ein EP som vart gjeven ut i enkelte land. I Storbritannia kom songen ut på EPen Kinksize Hits, medan han i USA kom på albumet Kink-Size.