All Over the World av ELO

All Over the World
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Xanadu
B-side

Mal:Flatlsit

Utgjeve Juli 1980 (US), 2. august 1980 (UK)
Innspelt 1980 Musicland Studios München
Sjanger Poprock, disco
Lengd 4:02
Selskap Jet (UK), MCA (US)
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Xanadu»
(1980)
All Over the World «Don't Walk Away»
(1980)


«All Over the World» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO) frå 1980. Han vart nytta i filmen Xanadu i ein sekvens med stjernene i filmen, Olivia Newton-John, Gene Kelly og Michael Beck. Songen var òg med på filmmusikkalbumet Xanadu og i 2007 Broadway-musikalen Xanadu.

Songen vart gjeven ut på singel som den tredje ELO-singelen frå albumet. Singelen nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[1]

Ein del av teksten listar opp fleire kjende byar: London, Hamburg, Paris, Roma, Rio, Hong Kong, Tokyo, L.A., New York, Amsterdam, Monte Carlo og Shard End. Den siste staden er ein forstad i Birmingham i England, der Jeff Lynne vart fødd.

  1. «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 16. februar 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne