All of My Love

«All of My Love»
Song av Destiny Chukunyere
Land Malta
Språk Engelsk
Utgjeve 15. mars 2020
Sjanger Pop, gospel, soul
Lengd 03:00
Selskap Jagged House, Sony Music Sweden
Låtskrivar(ar) Bernarda Brunović, Borislav Milanov, Sebastian Arman, Dag Lundberg, Joacim Persson, Cesár Sampson

«All of My Love» (norsk 'all min kjærleik') er ein gospelinspirert popsong frå 2020 med den maltesiske artisten Destiny Chukunyere. Songen vart vald av kringkastaren PBS til det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 9. mars 2020. Songaren Destiny Chukunyere vart vald til å representere Malta etter at ho vann den andre sesongen av talentkonkurransen X Factor Malta. Songen «All of My Love» vart vald etter X Factor Malta. 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020, og songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.[1]

  1. «Destiny's Eurovision 2020 sings 'All Of My Love' for Malta - Eurovision Song Contest». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne