Allemande

Allemande.

Ein allemande (av fransk for 'tysk') er ein av dei mest populære instrumentale danseformene i barokkmusikk og eit standardelement i ein suite. Opphavleg danna allemanden den første satsen i ein suite, før couranten, men seinare vart det ofte plassert ein annan sats i starten, som eit preludium.

Allemanden oppstod på 1500-talet (renessansen) som ein todelt taktartdans i moderat tempo, frå dansar som visstnok var populære i Tyskland på denne tida.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne