Allis-Gleaner Company Corporation

Allis-Gleaner Company Corporation (AGCO Corporation) er eit føretak som produserer landbruksmaskinar. AGCO vart stifta i 1990, då Klöckner-Humboldt-Deutz la ned den nordamerikasnke dotterselskapet Deutz-Allis og nokre av dei tilsette tok over det og stifta AGCO[1]. Føretaket har sidan kjøpt opp fleire kjente traktor, skurtreskar og andre landbruksmaskinprodusentar.

  1. N. Swinford, The proud heritage of AGCO tractors, American Society of Agricultural Engineers, 1999.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne