Altajfjella (russisk Алтай, mongolsk Алтайн нуруу eller Altajn nuruu, tyrkisk Alytau eller Altay) er ei fjellkjede i Sentral-Asia der grensene mellom Russland, Kina, Mongolia og Kasakhstan møter kvarandre, og der dei to store elvane Irtysj, Ob og Jenisej har kjeldene sine. Altajfjella er kjend som tyrkarane sin fødestad. Fjellkjeda strekkjer seg frå sørvest til nordaust, der dei gradvis går over Gobiørkenen. I aust glir fjella over i Sajanfjella.
Namnet på tyrkisk er Alytau eller Altay, der Al tyder «gull» og tau tyder «fjell». Namnet på mongolsk er Алтайн нуруу eller Altajn nuruu, og det kinesiske namnet (金山) er avleidd frå mongolsk. På begge desse språka tyder namnet «Gullfjella» eller «Dei gylne fjella». Den altaiske språkfamilien har fått namnet sitt frå fjellkjeda.