Alver kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Knarvik | ||
Areal | 679,05 km² | ||
• land | 650,98 km² | ||
• vatn | 28,07 km² | ||
Folketal | 29 507 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Sara Hamre Sekkingstad (Sp) | ||
Kommunenr. | 4631 | ||
![]() Alver kommune 60°40′00″N 5°20′00″E / 60.666666666667°N 5.3333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Alver | |||
Nettstad: alver.kommune.no |
Alver kommune er ein kommune i Nordhordaland i Vestland fylke, som vart skipa den 1. januar 2020 då dei tidlegare kommunane Lindås, Meland og Radøy slo seg saman til nye Alver.[1] Innbyggjartalet i den nye kommunen er 29507 i 3. kvartal av 2021.[2]
Namnet kjem frå gardsnamnet Alver,[3] som har gitt namn til og ligg i bygdelaget Alversund ved Alverstraumen i tidlegare Lindås kommune, og som no ligg sentralt i den samanslåtte kommunen.
Namnet til kommunen "Alver" kan tydast som "alt vér", ein plass med alt ver, mest nedbør.
Ordførar i kommunen er Sara Hamre Sekkingstad (Sp), medan varaordførar er Øyvind Helland Oddekalv (Ap).[4]