Alzheimers sjukdom | |||
![]() Auguste D., den første pasienten med sjukdommen som Alois Alzheimer skildra. | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
ICD-9-kode: | 331.0, 290.1 | ||
ICD-10-kode: | G30, F00 | ||
OMIM | 104300 | ||
DiseasesDB | 490 | ||
MedlinePlus | 000760 | ||
eMedicine | neuro/13 | ||
MeSH | D000544 | ||
MeSH | D000544 |
Alzheimers sjukdom, Alzheimers demens eller berre Alzheimer(s) er ein hjernesjukdom som er blant dei vanlegaste grunnane til utvikling av demens. Sjukdommen medfører at nerveceller i hjernebarken og djupare delar av hjernen endrar seg og døyr. Dette fører til hjerneatrofri, at hjernen blir mindre, og pasienten vil gradvis få stadig meir nedsett kognisjon, til dømes sviktande minne og andre kognitive evner, som tap av gjenkjenningseven, rørsleevne eller språk. Demens kan ha ulike årsaker, men ved Alzheimer vil sjukdomsforløpet medføra ei gradvis forverring.
Sjukdomsforløpet tek fleire år, men vil til slutt føra til at pasienten blir pleietrengande og til sist døyr. Typisk vil ein pasient leva 4-10 år frå ein stiller diagnosen, men dette kan variera.
Ein har større sjanse for å utvikla Alzheimer med alderen, men sjukdommen kan også debutera tidleg i livet. Alzheimers sjukdom råker rundt 3 % av alle over 65 år, og 12–15 % av alle som er over 80.