Amager

Amager
Geografi
Stad Østersund
Koordinatar 55°37′N 12°35′E

Areal 96,29 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommunar Københavns kommune, Tårnby kommune, Dragør kommune

Demografi
Folketal 160 064

Amager er ei låg dansk øy som ligg i Øresund tett attmed austkysten av Sjælland. I det 20. hundreåret vart arealet på Amager auka ved demningar kring Kalveboderne, og øya er no på om lag 90 kvadratkilometer.

Amager hadde særs godt jordbruksland, omkransa av sandstrender. Kong Christian 2. inviterte i 1521 hollendarar til å dyrke grønsakar på Amager for å kunne forsyne København. Men no er øya for det meste bymessig utbygd, i tillegg til at København lufthamn ligg på øya, sjølv om det framleis finst landbruks-, skogs- og naturområde i Dragør og Kastrup.

Administrativt er øya delt mellom Københavns kommune, Dragør kommune og Tårnby kommune. Bydelane i den delen av Amager som høyrer til København er Christianshavn, Sundbyøster, Sundbyvester og Islands Brygge, ein del av Vestamager og av Ørestad.

Ein person frå Amager vert kalla ein amagerkanar.

Amager har samband med Sjælland over bruene Knippelsbro, Langebro, Sjællandsbroen og Kalvebodbroerne. Københavns Metro er ført i tunnel frå Sjælland til Christianshavn i nærleiken av Knippelsbro og går vidare innover øya som høgbane. Dessutan går hovudsambandet mellom Danmark og Sverige for både bil- og jarnbanetrafikk over Øresundsbrua frå Kastrup på Amager til Lernacken rett sør for Malmö.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne