Amalie Skram | |
![]() | |
Pseudonym | Amalie Mueller |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. august 1846 Bergen i Noreg |
Død | |
Yrke | Forfattar |
Rørsle | Naturalisme, feminisme |
Religion | kristendom |
Ektefelle | Bernt Ulrik August Müller, Erik Skram |
Born | Ludvig Müller, Johanne Skram Knudsen, Jacob Worm-Müller |
Amalie Skram på Commons |
Amalie Skram (22. august 1846–15. mars 1905) er rekna for å vere ein av dei fremste naturalistiske forfattarane i Noreg. Skram var fødd på Askøy, men budde frå 1884 til ho døydde i København.
Skram er rekna for å vere ein av dei fremste forfattarane i «det moderne gjennombrotet», saman med mellom andre Alexander Kielland og Jonas Lie. I romanane sine gav ho fyrst og fremst ei kritisk framstilling av dei sosiale tilhøva i samtida si, men ho skreiv også om det indre livet. I det mest kjende verket hennar, Hellemyrsfolket (1887–1898), gjev ho klart uttrykk for den naturalistiske haldninga si, men i seinare verk som Sommer frå 1899 kjem det fram ein meir stemningsfull uttrykksmåte.
Frå ho debuterte i 1885 til ho døydde i 1905, gav Amalie Skram ut om lag 20 verk. Det meste er romanar, men noko er også noveller og skodespel. I tillegg skreiv Skram ei rekkje litteraturmeldingar i arbeidet sitt som kritikar. Nokre av verka hennar er også filmatiserte.