Ambient | |||
![]() | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1960-1970-talet, Storbritannia, Jamaica (dub-musikk)[2] og Japan[3][4] | ||
Avleidde former | |||
Undersjangrar | |||
Blandingssjangrar | |||
Andre emne | |||
Ambient er ein sjanger innan elektronisk musikk som vektlegg tone og atmosfæra framfor tradisjonell musikalsk struktur og rytme. Ambient musikk er ein form for instrumentalmusikk som ikkje treng ha ein fast komposisjon, takt eller strukturert melodi.[5] Han nyttar teksturerte lag av lyd som ein kan lytta til både aktivt og passivt,[6] og som kan oppmuntra til ei kjensle av ro og kontemplasjon.[7][8] Natur-lydlandskap kan vera del av lydbildet, og lydane til akustiske instrument som piano, strykeinstrument og fløyte kan gjenskapast med synthesizer.[9]
Musikksjangeren har opphav frå Storbritannia og stammar frå experimental og synthesizer-orientert musikk frå 1970-talet.[10] I tillegg hadde dance og techno-musikk mykje å seie for sjangeren, og var påverka av Kraftwerk og Klaus Schulze. Basil Kirchin og Brian Eno er rekna som dei viktigaste grunnleggjarane av ambient.[11][12][13] Konseptet med bakgrunns- eller interiørmusikk hadde allereie eksistert ei stund før, men både Kirchin og Eno skapte ambient ved å fusjonere delar av environmental-musikk med elektronika. Lydbildet til ambient blei i tillegg påverka delvis av space rock og krautrock.