America av America Studioalbum av America | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. desember 1971 (Storbritannia); 10. januar 1972 (USA) | |
Innspelt | 1971 | |
Studio | Trident i London og Morgan i London | |
Sjanger | Folkrock, folkpop[1] | |
Lengd | 46:14 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Ian Samwell, Jeff Dexter | |
America-kronologi | ||
---|---|---|
America av America | Homecoming (1972)
| |
Singlar frå America | ||
|
America er debutalbumet til America, gjeve ut i 1971. Det vart først gjeve ut utan «A Horse with No Name», som kom ut på singel seint i 1971. Då «A Horse with No Name» vart ein verdsomfattande hit tidleg i 1972, vart albumet gjeve ut på ny med dette sporet.
Albumet gjekk til topps på Billboard-lista i USA og heldt seg der i fem veker.[2] Det inneheld to hitsinglar: «A Horse with No Name» låg tre veker på toppen av Billboard-lista i 1972 (og nådde tredjeplassen på Adult Contemporary-lista), og «I Need You» nådde nr. 9 på Billboard-lista og nr. 7 på AC-lista.[3] Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «Sandman» (lenge rykta å vera om United States Navy VQ-2-skvadronen som tidlegare var basert i Rota i Spania) og «Three Roses». Albumet vart sertifisert platina av RIAA for sal på over ein million einingar i USA.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AM