American Beauty Studioalbum av Grateful Dead | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1970 | |
Innspelt | August–september 1970 | |
Studio | Wally Heider Studios i San Francisco | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:21 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent |
| |
Grateful Dead-kronologi | ||
---|---|---|
Vintage Dead (1970) |
American Beauty | Historic Dead (1971)
|
Singlar frå American Beauty | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Christgau's Record Guide | A–[3] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Sputnikmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
American Beauty er det femte studioalbumet til rockebandet Grateful Dead. Det kom ut 1. november 1970 på Warner Bros. Records og fortsette folkrock- og countrystilen frå det førre albumet deira, Workingman's Dead, som kom ut tidlegare på året. Sjølv om americana-stil pregar songane, er lyden meir fokusert på viseharmoniar og dur-baserte melodiar, som syner inspirasjon frå Bob Dylan og Crosby, Stills, Nash, & Young.
Då American Beauty kom ut gjekk det inn på Billboard 200-lista og nådde til slutt 30. plassen i januar 1971 i løpet av dei nitten vekene det låg på lista.[6] Den 11. juli 1974 hadde albumet seld til gullplate og det nådde sidan platina og dobbelt platinastatus i 1986 og 2001. I 2003 vart albumet rangert på 258. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.